Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTotland, Helge Oddvar
dc.date.accessioned2013-06-21T08:53:12Z
dc.date.available2013-06-21T08:53:12Z
dc.date.issued2013-06-21
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/145753
dc.description.abstractGehørspel og improvisasjon kan vere nyttig i mange samanhengar både for ein som har song og musikk som del av eit yrke og for hobby og fritdsmusikkaren. Ein har ikkje alltid eit noteark for handa, og då kan det vere fint å kunne spele ein melodi der og da. I dette studiet har eg villa prøve ut effekten av ein metode til å trene opp denne evna. Eg har funne fram til 9 vaksne personar i alderen 40 til 65 som har fått begynneropplæring i musikk i ein fire månaders periode skuleåret 2011/12 og 2012/13. Fire har fått tradisjonell instrumentopplæring med spel etter notar, og fem har fått hørelæretrening utan bruk av notar. Før undervisning start vart forsøkspersonane testa i gehørspel på piano. Kvar einskilt fekk leike seg litt på pianotagentane og spele ein C-dur skala før prøven byrja. Så fekk dei oppgitt begynnartonen på ein kjent barnesong, som dei skulle spele etter gehør utan bruk av notar eller andre hjelpemidlar. Dette gehørspelet skulle takast opp på band og analysert etter på. Det vart telt opp kor mange tonar melodien hadde, og kor mange av desse som vart spela feil. Ut frå dette kunne vi så reikene ut feilprosenten for kvar forsøksperson og for dei to gruppene separat. Etter endt undervisningsperiode skulle forsøkspersonane få same type test, og då skulle vi kunne sjå om det hadde vorte noko forbetring i gehørspelet. Forskingsprosjektet vart ikkje så valid og korrekt som eg først hadde tenkt. Bandspelar og opptaksutstyr verka stressande på nokre av deltakarane så eg måtte kutte det ut. Det å kombinere lærarrolle med forskarjobb var heller ikkje så enkelt. Forsøkspersonane(fp) meldt seg på til prosjektet først og fremst for å få musikkundervisning. Lange tiradar med rigide musikalitetstesta verka då demotiverande. Av etiske og menneskelege omsyn kunne ein heller ikkje la dei svakaste fp dumme seg ut overfor dei andre, men dei måtte få litt diskré hjelp her og der. Men dette svekka validiteten for desse personane. 3 Masteroppgave i musikkvitenskap Helge Oddvar Totland 2013 Testskjemaet uner 4.0 er justert litt i høve til kor mykje hjelp kvar har fått og litt også i høve til resultat av melodidiktatar og gehørspel-øvingar gjennom forsøksperioden. Dette gjer at testresultata ikkje er heilt valid og pålitelege på alle område, men i mine konklusjonar antyder eg likevel at der kan vere ein samanheng mellom dugleik i hørelære og evna til spontant gehørspel. Forskningsmetoden eg støttar meg til i dette er aksjonsforskning slik Tom Tiller forklarer det i boka Aksjonslæring: Aksjonsforskning er ikkje en metode eller en særeigen type data, men eit heilskapleg forskningsopplegg av konstruktiv karakter, kor forskaren aktivt deltar i forandrande inngrep i det studerte felt, der "den sokratiske klegg" passer betre enn "flue på veggen" som forskningsteknikk. Tiller(1999) Ved hjelp av litteratur frå nevrologi, psykologi, pedagogikk og å samanlikna gehørspel men andre former for praktisk læring, har eg prøvd å forklare resultata av mitt mini- forsøksprosjekt. Masteroppgava til musikkterapeut Stine Lillebø Hopland, "Syng med den stemme du har!" Griegakademiet, Institutt for musikk, UIB 2008, har eg nytta som mal i inndelinga av hovudkapittela og underkapittel, så langt som det høver i mi oppgåve. Mi røynsle som logoped/musikkterapeut ved bruk av song og musikk hos slagramma, stemmer bra overeins med den erfaring min tidlegare elev i barneskolen S.L.H skriv om i si masteroppgave.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectimprovisasjonno_NO
dc.subjectgehørspelno_NO
dc.titleGehørspel og Improvisasjon: Ein metode for sjølvutviklingno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Musicology: 110::Music theory: 112no_NO
dc.source.pagenumber78no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel