Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTorbjørnsen, Inger Birgitte
dc.date.accessioned2008-11-27T07:27:11Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/140078
dc.descriptionMastergradsoppgave i sosialt arbeid - Høgskolen i Bodø, 2008en
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om nokon av dei utfordringane ein døvblindetolk møter under tolking i uformelt, sosialt samvær. Eg har observert og filma ein tolk og ein døvblind tolkebrukar i eit Tupperwareselskap. Tolkemetoden som blir brukt er taletolking. Det har vore eit uttalt mål at tolken skal tolka og beskriva på ein objektiv måte. Det kan nokon gonger vera ei utfordring fordi nokon av dei me tolkar for kan ha forventningar om ein meir personleg tolk. I det observerte Tupperwareselskapet ser me eit døme på ein tolk som har ein ganske personleg stil. Ho legg til dømes til sine eigne vurderingar og kommentarar om Tuppervarene og andre ting, og ho er nokre gonger ein direkte deltakar i situasjonen. Med utgangspunkt i datamaterialet drøftar eg i oppgåva positive og negative sider ved at tolken brukar meir av sine personlege sider i tolkesituasjonen. Eg ser også på korleis tolk og tolkebrukar samhandlar under tolkeoppdraget. For å vita kva ein skal prioritera å velja ut av informasjon i ein tolkesituasjon, må ein vera i dialog med den ein tolkar for. Tolkebrukar i denne studien seier at ho aldri pleier å diskutera korleis tolkinga skal gå føre seg, og denne studien viser også at samarbeid kan skje på ein meir indirekte måte. Studien viser at tolken er til stades på ein vaken måte. Ho les situasjonar godt og tar vare på deltakarane sine ansikt. Dette fører til at samtalar og samhandling flyt på ein god måte.en
dc.format.extent507844 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.publisherHøgskolen i Bodø
dc.subjectsosialt arbeiden
dc.titleSosial tolking for døvblinde : ei observasjonsstudie av eit Tupperwareselskapen
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel