Finst det byar i Nord-Noreg?
Original version
Aas, S. (2023). Finst det byar i Nord-Noreg? I E.-A. Drivenes (Red.), I spenninga mellom ideal og globalhistorie: Historiefaget ved UiT gjennom 50 år (s. 77-86). Septentrio Academic Publishing. doi: 10.7557/5.7309Abstract
Finst det byar i Nord-Noreg? Finst det byar i Nord-Noreg?Steinar AasDet var spørsmålet Einar-Arne Drivenes ville ha meg til å svare på. Spørsmålet vart også stilt i Nord-Norsk kulturhistorie på byrjinga av 1990-talet, og den gong svarte Astri Andresen på det, med å svare som i dag; - Ja, det finst byar i Nord-Noreg. Så då skulle vel oppdraget vere utført. Men det er sjølvsagt forventa meir av ein som har arbeidd med nordnorsk byhistorie. Eg skal derfor bruke mine 20 minutt tilmålte tid og reise nokre moment som skulle vore drøfta når vi behandlar eit slikt tema.For temaet kjem ikkje ut av ingenting. Byane nordpå er truleg meir perifere, spreidde og mindre enn mange andre stader i landet, noko som sjølvsagt gjør at landsdelens byar har eit mindre omland og kanskje ein meir smålåten framtoning enn mange andre stader i landet vårt. Ikkje minst har dei utvikla seg på eit seinare stadium enn sørpå. Har denne særeigne regionale urbaniseringa så noka å seie for dagens regionale utfordringar, er eit viktig spørsmål. Finst det byar i Nord-Noreg?