Kritisere for å forstå? Om hermeneutikk og negativ læring i religionsundervisning
Journal article, Peer reviewed
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2591772Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Fuglseth, K. S. (2018). Kritisere for å forstå? Om hermeneutikk og negativ læring i religionsundervisning. Prismet, 69(2-3), 165-179. doi: 10.5617/pri.6263Sammendrag
Religionskritikk får stadig større plass i vårt fleirreligiøse samfunn og utfordrar religionsundervisning i skule og kyrkje. Artikkelen drøftar kva plass kritikk kan ha i religionsundervisning ved å sjå på sentrale teoretiske sider ved tilhøvet mellom kritikk og forståing som eit didaktisk grunnproblem. Drøftinga går føre seg på bakgrunn av teoritradisjonar i hermeneutikk, kritisk sosiologi og i danningsdidaktikk. Nokre klas- siske, didaktiske problemstillingar og løysingar møter teoriar om kritikk generelt og religionskritikk spesielt. Hermeneutisk teori i Gadamers tradisjon får ein nøkkelfunks- jon i teoretiseringar av undervisning og læring. Kritikk kjem i mange former, men har to hovudformer, som skiljande (vid tyding) og dømmande (trong tyding). Den særlege læringsverdien av kritiske spørsmål i trong tyding er knytt til rolla åt «negativ» erfa- ring, for læring er alltid omlæring. Religionskritikk må ein til sist sjå i lys av måla for undervisninga og ut frå danningsmål som både er absolutte og relative eller lukka og opne. Artikkelen konkluderer med at nokre former for kritikk ikkje er eigna i ein slik fleirkulturell didaktikk.