Litterær kompetanse. Portrett av tre lesarar
Journal article, Peer reviewed

Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2372849Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Kjelen, H.A. (2015). Litterær kompetanse. Portrett av tre lesarar. Acta Didactica Norge, 9(1). Hentet fra https://www.journals.uio.no/index.php/adno/article/view/1390/2225Sammendrag
Artikkelen drøfter eit sentralt problemfelt innom litteraturdidaktikken, nemleg tilhøvet mellom litterær lesing som fagleg kompetanse og litterær lesing som oppleving. Problemfeltet er særleg knytt til Louise Rosenblatts arbeid. Ho viser ved hjelp av omgrepa efferent og estetisk lesing korleis det er ei utfordring for litteraturlæraren å utvikle ei litteraturundervisning som i tilstrekkeleg grad tek omsyn til kjensler og røynsler. I ein litteraturteoretisk kontekst er subjektive responsar på litterære tekstar irrelevante, men i ein litteraturdidaktisk kontekst er subjektive responsar høgst relevante. Denne artikkelen bidrar inn i diskusjon-en mellom anna ved å trekkje inn meir empirisk basert litteraturteori som referanseramme. Artikkelen presenterer tre lesarars litterære responsar, og viser korleis kunnskap om individuelle lesarresponsar kan vere utgangspunkt for ei litteraturundervisning som balanserer ei fagleg tilnærming til litteratur opp mot ei meir opplevingsbasert tilnærming.